
Knute Nelson si vitjing på Evanger i 1899.
Søndag 27. august 1899 i Monsahagen, Evanger
Frå venstre sitjande rundt bordet: varaordførar Anders G. Rongen, Johs G. Horvei, Lars N. Nesheim, senator Knute Nelson, sokneprest og bonde Hans Warholm, ordførar Nils B. Mugaas, Brynjulf Rongen og Olav K. Bjørgaas.
Frå venstre ståande bak bordet: hotelleigar Ivar Monsen, Pauline Monsen, Sjur L. Tyssen, lensmann Brynjulf Mugaas, Anders Langeland, Gulleik L. Langeland, Lars Mæland, lærar og kyrkjesongar Peder Mugaas, Gulleik O. Brekkhus, Olav Mykkeltveit og Askjell Brunborg.
Då Knute Nelson vitja Noreg i 1899, var han inne i sine beste år som politikar.Han hadde lenge hatt planar om ein noregstur, men dei mange og store politiske gjeremåla krevde så mykje tid at han ikkje hadde samvit til å riva seg laus. Sambandet med heimbygda hadde han helde oppe med brevskriving til slektningane på morssida. Gjennom aviser og andre kjelder var han godt orientert om dei norske styringsformene, og om tilhøva i gamlelandet.Den 24. juli drog Knute Nelson frå Washington til New York for å ta fyrste skipet heim til gamlelandet etter 50 år i Amerika. Sommaren dette året hadde vore uvanleg fin og varm på Vestlandet. Grasavlingane hadde vore særs gode, men den lange tørkeperioden fekk bøndene til å verta ottefulle for avlingane til hausten.
Då Knute Nelson kom til Bergen, for han beinveges med tog til Evanger, der han tok inn på Monsens Hotel.Det ryktast snart at bygda sin store son var komen heim, og det samla seg snart folk utanfor hotellet som ville sjå og helsa på han Knute. Likefram gjekk Knute rundt og helsa ved å trykkja alle i handa. Språket var tatt vare på i sin opphavelege bunad, vossamålet med vassvørepreg vart ført fram med ekte klang og gamle vendingar.
Dei to syskena til Knute si mor ville sjølvsagt fretta nytt om ho Ingeborg som då var 85 år og busett i Wisconsin. Ein som Knute fekk særs god kontakt med var syskenbarnet Haldor Bergo. Av seinare korrespondanse mellom desse to går det fram at Knute i 1903 gav Haldor eit års abonnement på ”Skandinaven” som vart utgjeven i Chicago. Haldor døydde i 1904. Dette gjekk hardt inn på Knute, noko han gjev uttrykk for i eit brev til sonen til Haldor.
Knute Nelson hadde tilhaldstad i Monsens Hotel og derifrå tok han seg turar m. a. til Bergen. Knute lånte seg hest og stolkjerre på Evanger og med denne ekvipasjen for han rundt i Evangerbygda og gjorde seg kjent med gardar og folk.
Hestevan som han var frå farmen i Alexandria i Minnesota, fann han denne transportmåten svært tenleg. Det er så lett å stogga og slå av ein prat, fortalde Knute til ein journalist frå Bergen. Til denne bladmannen fortalde óg Knute at hesten han hadde lånt måtte ha eit utprega språktalent. På ein tur opp i gjennom Teigdalen vart dei møtt av ei mengd grinder som den køyrande måtte lata opp. På norsk seier dei ”Ptro” når dei ynskjer at hesten skal stoppa opp. I Amerika roper dei ”Ho”. I byrgjinga forsto ikkje hesten det amerikanske ”Ho”; men då dei kom lenger opp i dalen, var hesten vorte van med tilropet og stoppa punktleg.”Dao hadde han alt lært seg engelsk”, sa senatoren smilande.
Høgdepunktet på desse turane var attersynet med Kvilekvål. Knute Nelson kunne fortelja at han heime i Minnesota hadde eit vilkårsbrev på garden. ”Det er skrive på dansk. Det står to ”Faar”, - ikkje smale. Brevet er frå 1775. Eldre enn United States!”. Han hadde óg lese ein dom frå 1342 om dei ulike ottungar sine vedlikehald på vegane. ”Der nemnest Kvilekval med Hvilehval på dansk. Eit prov på at garden eksiserte alt då”.
Knute Nelson insisterte på å reisa som privatperson på si utanlandsferd, utan noko offisiell mottaking. Ein dag tok Knute Nelson turen til Voss. Vossingane var budde på vitjinga til senatoren, men dei trudde at han kom med toget. Utpå ettermiddagen fekk ein melding om at den fortidsminneinteresserte senatoren hadde kome med hesteskyss til Finneloftet der han tok seg tid til å sjå på samlinga. Då han kom køyrande opp framfor Prestegaards Hotel, hadde bygda fått tid til heisa flagga for å hylla vossingen som var guvernør i ein stat med fleire innbyggjarar enn det budde i heile Noreg. Fra Prestegaards hotel vart det flagga med Stjernebanneret i silke og det offisielle norske flagget. Stjernebanneret var ei gåve frå vossingar i Amerika til heimbygda. Då folk fekk greie på at den namngjetne landsmannen hadde teke inn på hotellet, gjekk det ikkje lenge før det samla seg mykje folk utanfor for å sjå og kan henda helsa på den mannen dei hadde lese så mykje om i avisene. Knute Nelson brukte kvelden til å sjå seg om på Vangen, og han handhelsa og gav seg i snakk med dei han møtte. Alle vart imponerte over den endeframme måte han møtte vossingane, og at han meistra vossamålet så godt. Neste dag møtte han sorenskrivaren, og dei to juristane fekk mykje å prata om. Knute Nelson hadde oversett Noreg si grunnlov til engelsk. Det var redaktør Grævstad i Skandinaven som hadde tilskunda dette arbeidet.
Knute Nelson vart verande på Voss nokre dagar. Han vitja Vangskyrkja og tok utferder til Stalheim og til Eide i Hardanger der han møtte Trond Haukenes. Haukenes hadde sendt han nokre bøker som han hadde skrive, og dei hadde Knute Nelson sett stor pris på. Når det galdt offisiell feiring, gjorde han eit unnatak: Si eiga heimbygd. Han grunngav dette i takketalen til Evangerfolket: ”Det var ikkje for å koma på festar, eg reiste til Noreg. Eg ville berre vitja gamle Mor, og hadde tenkt meg å ga omkring her som ein vanleg amerikansk farmar. Og hadde det ikkje vore av di eg visste at hjartelaget her var så godt, så hadde eg til denne innbjodinga sagt: Nei takk, eg skal ikkje ha noko”.
Søndag, den 27. august gav Evanger heradstyre, sogneprest, kyrkjesongar og lensmann ein fest til ære for Knute Nelson. Pressa var representert med ein journalist frå Bergens Aftenblad. Vaiande flagg fortalde om at heile bygda ville heidra bygda sin store son. Utanfor Madam Monsen sitt gamalkoselege hotell sto folk i småflokkar for å få ei glimt av sin namngjetne sambygding. Ved fem-tida samlast gjestene i spisesalen på hotellet. Det var pynta med grangrønt på veggene og med blomar på bordet. I ein blomeoppsats var det sett opp eit bilete av Knute Nelson. Ordførar Nils B. Mugås ynskte den høge gjesten velkomen i varme ordelag der han sa at han kjende seg byrg over å kalla Knute Nelson ein av sine. Ein æra mann; men ikkje berre æra, ein elska mann i sitt nye fedreland og i sitt gamle, -det han aldri har gløymt. Synleg rørt hevar senatoren glaset sitt til takk. I takken seier Knute Nelson at han er hjarteleg takksam for den æra som var synt han, og at han hadde lengta etter å ta ein tur til sitt gamle fedreland. Sjølv om alle gjeremåla hans hadde vore i Amerika så hadde ånda hans i mykje vore hjå folket her i Noreg. Det gjorde han hjarteleg godt å sjå den framgangen det hadde vore i Noreg Det ville sikkert gleda dei frammøtte å høyra at det óg gjekk bra med dei norske bøndene i Amerika..
Politikken var for ein stor del eit lotteri, og sjølv om han hadde ei høg stilling, så var det sikkert mange i Minnesota som ville vera likeså god eller betre skikka i stillinga. ”Eg har vanskeleg for å finna dei norske uttrykka. Det er første gong i livet mitt at eg har reist meg og helde ein tale på norsk, så eg vonar de orsakar om det går litt bakvendt.” Knute Nelsson sa at dei ikkje skulle synast at det var smått i Noreg. De skal vera nøgde. Er ein nøgd og gjer si plikt i mot Gud og fedreland, då er ein lukkeleg. Så sler Knute over til brei vassvøredialekt:
”So và da ein ting eg vilde seia deko te slutt. Eg vil ikkje blanda meg opp i dekans politikk, men eg vil berre seia da til deko, so é mine gamle naboa, - Dar eg bur, leve om lag lika mange nordmenn og svenskar. Dei leva fredeleg tesaman, nordmenn og svenskar darover arbeida hand i hand. Me stria godt i saman.Me seia : me vil leva i fred, me vil ikkje ha noko trette. Når eg har vå oppe i mine heftigaste valkampa der burte, dao har svenskane stende meg bi ofte vel so godt som dei norske. So va det eg ville seia deko: Prøv å leva i fred her heime òg! Hald fred! Stao saman, da é da beste! Dao é Noreg og Sverige nesten ei stormakt. Men split deko ikkje opp! Med festninga langs grenso. Dao vert det gjedna so i gamal tid, nordmenn gjekk i ufred over dan svenske grensa og svenskane over den norske. Me vil ikkje ha meira slikt. Ved Gud bevare Dere for det! Atter hjarteleg takk alle saman for den æra og velvilje de har synt meg!” Det vart stille i festlyden etter denne enkle talen, og det gjekk ei stund før samtalen tok seg opp att. Lærar Johs. Horvei kom med ein skål for nordmennene i Amerika. Hels dei og sei at ingen bra nordmann vil strid. Men me er alle einige i kravet: Eit fritt fedreland. Kyrkjesongar Peder Mugås minnast mor til Knute Nelson, Ingeborg Kvilekval. Ho var rekna for å vera ei utifrå gåverik kvinne med stor givnad for det diktarlege, og med ein fin sans for det musikalske. Hennar forråd av viser syntest å vera utømmeleg. Han fortalte at i eit bryllaup med over halvt hundre gjester hadde ho eit vers til alle etter kvart som dei ”la i skålen”.(Gav gåver.) Sokneprest Warholm bar fram ein takk til senatoren for den interessa han alltid hadde synt den lutherske kyrkja. Nelson kunne då fortelja at lutheranarane i Amerika nytta nøyaktig same gudstenesta som her heime. Etter middagen samla gjestene seg rundt punchbordet i hagen til hotellet. Med havannacigarar og dampande whiskytoddy vart snart stemninga meir uhøgtidleg. Titlar vart gløymt og no var det berre ”Du Knut”. Samtalen svinga mellom mange emne og spørsmåla dreia seg mykje om amerikansk politikk, den spansk-amerikanske krigen, den amerikanske hærordninga og senatoren sin valkamp. Spørsmåla vert svart på med klar stemme og eit lunt glimt i augo. Senatoren leitar ikkje lenger etter orda. Då ein tala om at naturen har handsama vårt fattige land stemoderleg, bryt Knute han av og rettar til: Stykkmor! ”Eg er den einaste her tao deko so kan snakka vassvøring!” Songen tek no over for samtalen . Dei gamle songane lyder ut i natta og Knute Nelson leiar, kjend med alle melodiar og tekstar som om han hadde vore heime i alle dagar. Timane svinn, og månen kastar sylvskin over bordet. ”No mao de ha hjarteleg takk adle saman. Og detta vil eg minnast so lenge eg leve.Eg ha vaa i mange fine lag , men detta gjestebod gløyme eg aldre! Me syng Ivar Åsen sin song: Millom bakkar og berg utmed havet”.Han vender seg til Peder Mugås: ”Kan ikkje du syngja føre, du kyrkjesongar?”Og songen tonar ut i den seine sommernatta, og finare avslutnad kunne ikkje dette historiske gjestebodet få.
Arne Skjerven