Historie
Her finn du ei oversikt over ulike historiske plassar som laget har har tilsyn med .
Vassvøri er namnet på det gamle tinglaget som hadde møte-stad i tingstova på Bolstadøyri. Namnet kan vera eit av deieldste i heile landsdelen. Ein meiner at det opphavlegenamnet har vore Varsafjord, «fjorden til vessene», og har vorenamnet på fjorden frå Straume og inn til Bolstad, eller sålangt som ein kunne fara med båt, til Evanger. Sidan erVassvøri vorte namnet på heile bygdelaget.
Evanger er namnetpå tettstaden i øvre enden av vatnet. Eldre namneformer: 1315:Æuongum, 1468: Æuanghr,1695: Efuanger, sidan Ævanger og Evanger. Namnet tyder grasvoll der hestar beiter og kviler. Dette viser at her var det byte av transportformer.
Linkar til ymse ekstern informasjon for Vassvøri