Bryggja i Ståi
I året 1837 vart det halde Licitationsforretning på tingstaden Bolstadøren over oppføring av landgangsbryggja ved Wasenden i Watsværns Thinglaug. Bryggja skulle oppførast der den gamle stod, etter at den var riven. Den vart bygd av «fast og god Steen» med tropper. På ytste enden og søre sida vart bryggja forsterka med bjelkar eller «åsar».
Bryggja er framleis i same stand som då ho vart bygd. Den vart lagd ved sida av «Horvejs postnaust». Det vart laga veg ned til vatnet der ein kunne køyra av og på isen om vinteren. Den som sto for arbeidet vart pålagt å stilla kausjon for at bryggja i dei fyrste 6 åra skulle vera i fullgod stand. Dersom arbeidet vart forseinka, skulle den som hadde ansvaret for oppføringa svara ei mulkt på ½ Spd. for kvar dag arbeidet måtte vara lenger. Arbeidet vart utført for 118 Spd. av David Aadsen Kløve.
Oppslagstavla i Ståi