Christiania postveg - Tyssen

Då det offisielle postvesen i Noreg vart oppretta i 1647 var Tyssen heilt frå byrjinga nemnd som postgard på postruta mellom Bergen og Christiania. Dette er óg den gamle Kongevegen mellom Bergen og Oslo. Posten gjekk natt og dag ein gong i veka. Denne postføringa held seg oppe like til Vossebana vart opna i 1883. Bolstadfjorden har vore ferdslevegen for folk og gods på Tyssen. Her var det dampbåttrafikk frå 1868 og fram til 1915. Fjorden har óg gjeve innkome gjennom lakse- og aurefiske. I dag står mange kulturminne att som fortel om bruken av vasskrafta i Tysseelva, t. d. sag- og dreieverksemd. Rekkja av naust, ført opp som grindverkbygg, har frå gamalt vore ein del av strandlina.

Oppslagstavle Christiania postveg - Tyssen