Bryggja på Evanger
«Evanger Landgangsbrygge Evanger Almending» vart ført opp i 1834 av Ole M Ammundsen Melstvedt frå Hardanger for 280 speciedaler. Vossovassdraget har hatt mykje å seia for transport av folk og varer mellom kysten og dei indre bygdene. Likeins har elva vore nytta til tømmerfløyting og vedtransport. I tida Evangervatnet var isfritt var dette hovudvegen mellom Evanger og Ståi. Vinterstid, når det var meinis, vart vegen lagt om Vindeggi.
Vinterstid, når det var meinis, vart vegen lagt om Vindeggi. Evanger var administrasjonssenteret i gamle Evanger kommune før kommunesamanslåinga med Voss i 1964. Nesten heile tettstaden brann ned i 1923, og bygdebyen som reiste seg att dei næraste åra, fekk utsjånad som ein ser i «gata». Denne delen har no vernestatus. Kyrkja overlevde brannen og er frå 1851.
Oppslagstavla i Monsahagen
Bryggja vart omvølt i perioden januar til september 2019. Kåre Olav Aldal var anvarleg byggjeleiar i tillegg til å vera styret sin kontaktperson.
All grusmasse inni bryggja er fjerna, for å hindra frostskadar på muren. Mindre deler av fundament og mur er teken ned og murt opp att, då noko av muren hadde store setningsskadar. Trappa er forsterka i fronten for å hindra utgliding. Det same gjeld fundament for mur på langsidene. Her er det lagt ei steinrast på utsida av fundamentet for å hindra utgliding. Røter i muren er fjerna. Massen inne i bryggja er erstatta med sortert elvestein/ rundstein for å få god drenering. Området i nærleiken av bryggja er planert. Det aller meste av murstein er brukt opp att. Det er tilført mindre mengder murstein med lik farge og kvalitet. Utføring er i tråd med retningslinjer gitt av Statens vegvesen etter ei synfaring i mai 2018. Arbeidet vart utført av Voss Maskinstasjon.