30-årsjubileumsfest
30-årsjubileet vart feira i ungdomshuset på Bolstad 26.januar 2024 kl. 18.00. Det møtte 50 personar til festsamkoma, på tross av dårleg føre. Men festkomiteen hadde sytt for strøing, så alle kom velberga fram.
Leiar Grethe Finsrud Agerlie ynskte velkomen til ein festsal pynta med blomar og tuja på dekka bord. Festen vart innleia med Vassvøresongen.
Fyrste post på programmet var middag: Verpelstadkorv med potestappa og grønsaker. Maten smakte godt, og praten rundt borda gjekk livleg.
Neste post var underhaldning: Maya Mykkeltvedt, Anne Siri og Olav Undeland presenterte eit variert og muntert program, både med song, god musikk og ulike verbale innslag.
Møtelyden fekk mellom anna oppleva Brita i Holo med høybøra si, rallarane Bergquist og Oscar Danielson samt ein ny vassvøresong. Trioen fekk dessutan god assistanse Magnar Helland, med Stølatre-Jensen og Nilsen i Bakkjen. Til stor applaus vart det ekstranummer med ein frisk variant av den tradisjonelle Vassvøresongen. Artistane fekk utdelt blomar for god innsats.
Kaffiøkt var neste post, med heimebaka kaker.
Her var ordet fritt, og først ut var Knut Farestveit.
Han bar fram helsing frå Voss sogelag, og overrekte gåve til leiar Grethe: To bøker med titel «Frå Vossebygdene»; ein bokserie som var forgjengaren til «Gamalt frå Voss».
Sigmund Simmenes helsa frå Vaksdal historielag, også med gåve: Den nyleg utkomne boka til Åse Gammersvik: «Oppvekst på Gammersvik».
Den største overraskinga i samband med jubileet var truleg utnemning av tre æresmedlemer i Vassvøri sogelag: Olav Edal, Øivind Teigen og Per Eskeland.
Alle tre har gjort ein stor innsats for laget, heilt frå starten av. Grethe delte ut kvar sin innramma plakett, med motiv frå Bolstadfjorden designa av Øystein Agerlie. Dei fekk og kvar sin blomebukett. Grethe tok for seg kvar og ein, og fortalde kva dei hadde utført for laget. Utmerkinga var vel fortent. Ein ekstra bonus med å vera æresmedlem er at ein ikkje betaler kontingent.
Frå styremedlemer delte Svein Mykkeltvedt ut ein blomebukett til leiar Grethe, som takk for godt utført jobb gjennom mange år. Grethe har vore leiar for laget heilt sidan 2009.
Drøsen gjekk lett på alle bord, og kaffi og kaker gjekk unna. Som avslutning las Kåre Olav Aldal opp lagssoga gjennom 30 år: Ei innhaldsrik soge, som speglar alle gjeremål som laget har stått for fram til i dag.
Til slutt takka Grethe for godt frammøte, og ynskte alle vel heim.
Skrivar: Kåre Olav