Årsmelding 2024

Årsmelding 2024

Laget er tilslutta Hordaland Sogelag, Landslaget for Lokalhistorie, Landslaget for lokal- og privatarkiv og Vestland Kulturvernnettverk. Sogelaget held møta sine i heradshuset på Evanger.

Året starta med å feire 30-årsjubileum. Laget var 30 år i 2023, men av ulike grunnar vart markering av jubileet utsett til 2024. Jubileet vart feira i ungdomshuset på Bolstad 26.januar. Det møtte 50 personar i alt. På programmet sto middag, underhaldning, talar og kaffiøkt med kaker. Største overraskinga var kanskje utnemning av tre æresmedlemer: Øivind Teigen, Per Eskeland og Olav Edal. Leiar Grethe Finsrud Agerlie delte ut kvar sin plakett med blomar, og fortalde om kvar einskild sin innsats i laget gjennom mange år. Utnemninga er vel fortent. Sjå meir utfyllande referat frå jubileet på Heimesida.

Årsmøtet vart halde i heradsstyresalen i heradshuset på Evanger 17.april kl. 18. Det møtte 21 medlemer.  

Leiar Grethe Finsrud Agerlie opna møtet og ynskte alle velkomne. Grethe sto for leiing og gjennomføring av møtet.

Møtelyden starta med 1 minutt stille for ein medlem som var gått bort: Norvald Akselberg.   

 

Les meir

Vassvøri sogelag fekk Voss herad sin kulturpris for 2024

Skulptur heil Grethe.jpg

Laurdag 7.desember vart Voss herad sin kulturpris delt ut i Nain, i samband med jolekonserten til Fossegrimen. Leiar i Utval for Kultur og Næring, Håvard Skattum, delte ut prisen til Vassvøri sogelag, som var representert med leiar Grethe Finsrud Agerlie saman med Svein Mykkeltvedt og Kåre Olav Aldal frå styret. I talen sin la Håvard Skattum stor vekt må skriving: Å skriva ned historia vår er viktig for oss, både i fortid og notid. Vassvøri sogelag tek vare på-, og dokumenterer den lokale historia vår på fleire måtar.

Prisen er ein heider til den innsatsen som sogelaget gjer, og inspirerer til å halda fram med arbeidet. Skriving er ein viktig del av dette, og dei som sender inn stoff til årboka «Frå fjell til fjord», både tekst og bilete, skal ha sin del av æra for prisen. Det er årboka og innhaldet i den som gjer sogelaget kjend utnafor Vassvøri sine grenser.

Utval for Kultur og Næring valde samstemmig å gå for tilrådinga til Voss kulturråd, som denne gongen prioriterer eit lag som gjennom mange år har lagt ned eit stort arbeid med å ta vare på – og dokumentere den lokale kulturarven i sitt nærområde.

Les meir

Program-hefte ved avduking av Knute Nelson monumentet på Evanger 6. juli 1924

Les meir

Vassvøri Sogelag 30 år : Lagssoga

 Vassvøri sogelag kan feira 30-årsjubileum i 2023. 30 år er kort tid i historisk samanheng. Men på desse 30 åra er det utruleg kva dette laget har utført.

Opptakten til laget kan nok ha samanheng med utgjeving av Bolstadboka i 1991. Eg siterer frå 10-årssoga til Ingebjørg Helland:

”Etter at arbeidet med ”Bolstadboka – frå fjell til fjord” – vart avslutta i 1991, var det fleire av deltakarane i den tidlegare studieringen som ymta om at ein burde halde fram med ymse lokalhistorisk arbeid. Ein kjende seg på ingen måte heilt ferdig med emne som hadde vore teke opp i arbeidet med boka. Nye tankar og idear for arbeidsområde dukka og opp medan boka vart til. Ein burde kanskje starta eit sogelag? Som tenkt, så gjort? Nei, heilt så lett gjekk det ikkje til. Men etter ei tid tok planane form. Då ville ein gjerne ha med meir av bygda enn berre Bolstadgrendene. Kontakt kom i stand med folk frå Evanger, likeeins frå Teigdalen.» Sitat slutt. På Evanger vart det sett i gong ein studiering i lokalhistorie i september 1990. Ingebjørg Helland, studieinstruktør i Norges Husmorforbund, var med. I starten deltok 8 personar, og fleire vart med etter kvart. Innsamling og registrering av gamle bilete var ein del av oppgåvene til studieringen. Dette var oppstarten til det som seinare skulle verta fotoarkivet til Vassvøri sogelag, med Olav Edal som primus motor.

Les meir

Årboka 2024 er komen

Årboka 2024 er no kome ut:

Framsida 2024.jpg

Innhald:

Les meir

Knute Nelson si vitjing på  Evanger i 1899.

Knute Nelson si vitjing på Evanger i 1899.

Søndag 27. august 1899 i Monsahagen, Evanger  

Frå venstre sitjande rundt bordet:   varaordførar Anders G. Rongen,   Johs G. Horvei,   Lars N. Nesheim, senator Knute Nelson,   sokneprest og bonde Hans Warholm,  ordførar Nils B. Mugaas,  Brynjulf Rongen  og  Olav K. Bjørgaas.

Frå venstre ståande bak bordet: hotelleigar Ivar Monsen,  Pauline Monsen,  Sjur L. Tyssen,  lensmann Brynjulf Mugaas,  Anders Langeland, Gulleik L. Langeland, Lars Mæland,  lærar og kyrkjesongar Peder Mugaas,  Gulleik O. Brekkhus,  Olav Mykkeltveit  og  Askjell Brunborg.

Då Knute Nelson vitja Noreg i 1899, var han inne i sine beste år som politikar.Han hadde lenge hatt planar om ein noregstur, men dei mange og store politiske gjeremåla krevde så mykje tid at han ikkje hadde samvit til å riva seg laus. Sambandet med heimbygda hadde han helde oppe med brevskriving til slektningane på morssida. Gjennom aviser og andre kjelder var han godt orientert om dei norske styringsformene, og om tilhøva i gamlelandet.Den 24. juli drog Knute Nelson frå Washington til New York for å ta fyrste skipet heim til gamlelandet etter 50 år i Amerika. Sommaren dette året hadde vore uvanleg fin og varm på Vestlandet. Grasavlingane hadde vore særs gode, men den lange tørkeperioden fekk bøndene til å verta ottefulle for avlingane til hausten.

Les meir

Vassvøri sogelag

Vassvøri sogelag vart skipa 5. september 1993. Laget femner om grendene i gamle Evanger kommune.

Laget har til føremål å fremja interessa for slekts- og lokalsoge og kulturvern.

Laget vil samla inn og ta vare på alt som har verd for grendene si soge, og som kan fortelja om folk sine levekår gjennom tidene.

Styre, skriftnemnd og kontaktinformasjon