Årsmelding 2024
Årsmelding 2024
Laget er tilslutta Hordaland Sogelag, Landslaget for Lokalhistorie, Landslaget for lokal- og privatarkiv og Vestland Kulturvernnettverk. Sogelaget held møta sine i heradshuset på Evanger.
Året starta med å feire 30-årsjubileum. Laget var 30 år i 2023, men av ulike grunnar vart markering av jubileet utsett til 2024. Jubileet vart feira i ungdomshuset på Bolstad 26.januar. Det møtte 50 personar i alt. På programmet sto middag, underhaldning, talar og kaffiøkt med kaker. Største overraskinga var kanskje utnemning av tre æresmedlemer: Øivind Teigen, Per Eskeland og Olav Edal. Leiar Grethe Finsrud Agerlie delte ut kvar sin plakett med blomar, og fortalde om kvar einskild sin innsats i laget gjennom mange år. Utnemninga er vel fortent. Sjå meir utfyllande referat frå jubileet på Heimesida.
Årsmøtet vart halde i heradsstyresalen i heradshuset på Evanger 17.april kl. 18. Det møtte 21 medlemer.
Leiar Grethe Finsrud Agerlie opna møtet og ynskte alle velkomne. Grethe sto for leiing og gjennomføring av møtet.
Møtelyden starta med 1 minutt stille for ein medlem som var gått bort: Norvald Akselberg.
Årsmelding 2023: Kåre Olav Aldal las opp årsmeldinga, som og var kopiert opp og utdelt. Det var ingen merknader til årsmeldinga, som vart godkjent av årsmøtet.
Økonomi: Svein Mykkeltvedt delte ut samandrag av rekneskapen for 2023, og gjekk gjennom kvar enkelt post. Kapitalen har auka med kr 57.769,84 dette året. Det var ingen merknader til rekneskapen, som vart godkjent av årsmøtet.
Innkomne saker: Styret hadde ikkje motteke saker til handsaming på årsmøtet.
Kåseri: Anita Alise Vik og Helge Stumpf Titland var invitert til årsmøtet, og fortalde om boka dei har gitt ut saman med Bjørn Bruvik: «Den historiske drifte- og ferdslevegen mellom Voss og Bergen». Anita opna med å lesa sitt eige dikt: «Draum om fjell». Dei fortalde og viste bilete: Ei spennande reise på den gamle ferdslevegen. Ein stor del av ruta går gjennom Vassvøri. Fleire medlemer nytta høvet til å kjøpa boka, som kan inspirere til mange fine fjellturar.
Takk for innsatsen: Grethe delte ut gåver til skriftnemnda, som takk for godt arbeid. Svein Lien vart tildelt gåve for administrering av Heimesida. Det vanka gåve til Ottar Bergstad, som også dette året har gjort ein stor innsats ved sal av årbøker.
Kulturprisen for Voss herad: Den største hendinga for sogelaget dette året var at Vassvøri sogelag fekk tildelt Voss herad sin kulturpris. Dette skjedde ved ei tilstelling i Nain 7.desember, då orkesteret Fossegrimen hadde sin årlege jolekonsert. Utval for Kultur og Næring hadde samrøsystes vedteke at kulturprisen 2024 skulle gå til Vassvøri sogelag, etter tilråding frå Voss Kulturråd. Det var Håvard Skattum, leiar i Utval for Kultur og Næring, som sto for utdelinga. Leiar Grethe Finsrud Agerlie, Svein Mykkeltvedt og Kåre Olav Aldal frå styret var møtt opp for å motta prisen. Grethe takka for prisen, og sa at ho var veldig glad og rørt. «Dette set me veldig stor pris på, og det gjev oss ekstra motivasjon til å halda fram vidare», sa ho mellom anna. Prisen er ein skulptur i tre, utforma av Gunnar Kjærland.
Vedlikehald: Knute Nelson-stova. Her kan ein no ynskja gjester velkomen til nymura trapp og nytt inngangsparti, etter rehabilitering i 2023. Utedøra trong likevel noko reparasjon. Knut, Svein og Kåre Olav var til stades og fekk reparert døra 21.11. Knut har reparert låsen. Han har og utført slått rundt husa. Arne Flansås har rydda og merka turvegen frå Bjørgo til Brunborg, og Kåre Olav Aldal har rydda frå Horvei til Stigen.
Flaum: Heller ikkje dette året slapp me unna flaum. Uveret Jacob førde til flaum i Vossavassdraget, og natt til 1.november var det kritisk for Evanger sentrum. Nokre hus fekk også denne gongen vatn i kjellarane. Før flaumtoppen møtte styremedlemer opp i heradshuset og fekk berga ein del gjenstandar i kjellaren. Heldigvis slapp ein så vidt unna flaumskadar her denne gongen.
Biletarkiv.
Arbeid med å leggja inn bilete i digitalt arkiv (Vestland fylkeskommune sitt webarkiv for foto) har stått stille ei stund grunna omlegging i digitalarkivet til Fylkeskommunen. Det er uvisst kva tid me kan halda fram med dette, men ifølge kontaktperson i VLFK kan me koma i gang att ut på nyåret 2025. Det er til no lagt inn om lag 250 av sogelaget sine 500 bilete. Desse er å finna på Fylkeskommunen sine nettsider, Webarkiv for foto.
Andre tilskipingar:
9.april arrangerte Vestland Fylkeskommune lokalhistorisk webinar. Leif Akerlie, Jan Egil Mandelid og Kåre Olav Aldal møtte i Voss Bibliotek frå Vassvøri sogelag.
Evangerlaurdag var i år lagt til 15.juni, der det mellom anna var open dag i Prestagarden. Knut Mestad og Arne Flansås var på på plass og selde bøker for sogelaget .
Kulturvandring: 2.september arrangerte sogelaget tur over Vindeggi, frå Horvei til Brunborg. Det møtte 13 personar, som fekk ein tur i fint haustver og orientering om ymse kulturskattar undervegs: Storestigen, Stigen, Tyskaflåten, Verken mm. På Bjørgo fortalde Arne Østerbø om farne tider: Mellom anna korleis foreldra hans kom til Bjørgo, oppvekst og anna interessant stoff derfrå. Vidare gjekk turen innover i Bjørgadalen, med pause ved Dalaløo i Bjørgadalen og på toppen av Vindeggi. Fadnesstølen og Brunborg vart og ei oppleving for turfolket, før turen enda i Forvene. Turen var eit tiltak i samband med Kulturminnedagane 2024: «Frå fjell til fjord i gamle spor». Arne Flansås hadde gjort ein god jobb på førehand, med rydding og merking frå Bjørgo til Brunborg.
27.november hadde Vaksdal historielag sin årlege medlemskveld i bedehuset på Stamnes. Grethe Finsrud Agerlie, Svein Mykkeltvedt og Kåre Olav Aldal var utsendingar frå Vassvøri sogelag. Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie, heldt kåseri om Landslova frå 1274, som har 750-ådrsjubileum i år.
Jolemarknad: 1.desember var det jolemarknad på Bolstad. Sogelaget var på plass og selde bøker.
Sogeskriftet «Frå fjell til fjord»:
Årboka kom tidleg ut i år: 11.november var bøkene på plass i heradshuset. Skriftnemnda har, som vanleg gjort ein grundig jobb. Jorunn Hauge må og nemnast, då ho gjer ein god jobb med oppsetjing av stoffet, i samarbeid med skriftnemnda. Boka vart sendt til medlemene 14. november, og kom i sal 18.november. Boka fekk god omtale i avisene Hordaland og Vaksdalposten. Ein teknisk feil frå trykkeriet førde diverre til at om lag 50 bøker inneheld feiltrykk. Styret og skriftnemnda meiner å ha funne bøkene med feil, og levert ut nye til dei som har fått desse.
Ymse
Årsmøte i Hordaland sogelag og kulturhistoriske dagar vart i år arrangert på Stalheim 11. og 12. mai, med Vossestrand sogelag som vertskap. Grethe Finsrud Agerlie og Kåre Olav Aldal var utsendingar frå Vassvøri sogelag. Første dagen starta med omvising i museet til hotellet, med Trygve Dugstad som dyktig guide. Vidare var det kulturelle innslag om historia til Stalheim hotell, framføring av stubbar av Per Sivle mm. Andre dagen starta med årsmøte. Deretter var det avreise til Gamle Oppheim kyrkjegard, der mor til Per Sivle er gravlagd, og har fått sitt gravminne. Her fortalde Jorunn Gjøstein og Trygve Dugstad om livet til Per Sivle og mora. Vidare reiste me til Myrkdalen, der deltakarane fekk servert lunsj på Vossestrand Hotell. Til slutt vitja me minnestøtta til Sjur Helgeland, og Margunn Blikberg Nordgård spela slåttar av Helgeland. Ole Kristian Årmot fortalde om livet til Sjur og familien hans, og dramatiske soger frå same tunet.
28.mai kom Time historielag på vitjing for å sjå Knute Nelson-stova på Kvilekvål. Grethe var guide. Det er stor interesse for Knute Nelson i dette laget.
På Heimesida til Sogelaget finn ein aktuelt stoff som: Presentasjon av sogelaget, aktuelle tilskipingar, bøker for sal, lagssoge, oversikt over tidlegare artiklar i sogeskriftet mm. Heimesida har nettadressa: www.vassvørisogelag.org
Svein Lien har teke på seg administrasjon av Heimesida etter Dag Finne.
Facebook. Sogelaget har eiga gruppe på Facebook, der det vert lagt ut aktuelle saker, bilete, møteinnkalling mm. Namnet på FB-gruppa er Vassvøri sogelag.
Møte. Styret har i 2024 hatt 8 styremøte.
2024 vil gå inn i historia som året med både tildeling av Kulturpris og 30-årsjubileum.
Talet på medlemer. Pr 31.12.2024 hadde laget 118 medlemer. Dei siste 10 åra har medlemstalet auka med 16.
Styret i 2024 har vore:
Leiar: Grethe Finsrud Agerlie, valt for 1 år i 2024
Nestleiar og styremedlem: Knut Mestad, valt for 2 år i 2023
Kasserar og styremedlem: Svein Mykkeltvedt, valt for 2 år i 2024
Skrivar og styremedlem: Kåre Olav Aldal valt for 2 år i 2024
Styremedlem: Arne Flansås: Valt for 2 år i 2023
Varamedlemer: Kåre Tufte: Attval for 1 år i 2024. Ny: Terje Styve: Valt for 1 år i 2024.
Revisorar: Ivar Hernes, attvald for 1 år i 2024 og Norvald Lien Mugås, attvald for 1 år i 2024.
Valnemnd: Else Mari Veka Rasdal, valt for 3 år i 2022. Dag Finne, valt for 3 år i 2023. Ny: Einar Horvei, valt for 3 år i 2024.
Horvei 13.februar 2025
Kåre Olav Aldal
skrivar