Vassvøri sogelag fekk Voss herad sin kulturpris for 2024
Laurdag 7.desember vart Voss herad sin kulturpris delt ut i Nain, i samband med jolekonserten til Fossegrimen. Leiar i Utval for Kultur og Næring, Håvard Skattum, delte ut prisen til Vassvøri sogelag, som var representert med leiar Grethe Finsrud Agerlie saman med Svein Mykkeltvedt og Kåre Olav Aldal frå styret. I talen sin la Håvard Skattum stor vekt må skriving: Å skriva ned historia vår er viktig for oss, både i fortid og notid. Vassvøri sogelag tek vare på-, og dokumenterer den lokale historia vår på fleire måtar.
Prisen er ein heider til den innsatsen som sogelaget gjer, og inspirerer til å halda fram med arbeidet. Skriving er ein viktig del av dette, og dei som sender inn stoff til årboka «Frå fjell til fjord», både tekst og bilete, skal ha sin del av æra for prisen. Det er årboka og innhaldet i den som gjer sogelaget kjend utnafor Vassvøri sine grenser.
Utval for Kultur og Næring valde samstemmig å gå for tilrådinga til Voss kulturråd, som denne gongen prioriterer eit lag som gjennom mange år har lagt ned eit stort arbeid med å ta vare på – og dokumentere den lokale kulturarven i sitt nærområde.
Kulturprisen 2024 er ein skulptur i tre laga av Gunnar Kjærland. Skulpturen har fleire symbol; sjå eigen tekst av Kjerland ( under bilete).
Grethe Finsrud Agerlie takka for prisen, og sa at ho vart veldig glad og rørt. «Dette set me veldig stor pris på, og gir oss ekstra motivasjon til å halda fram vidare med arbeidet i sogelaget».
Tekst til skulpturen av Gunnar Kjærland: