Utvandrergutten : Mor og son måtte reisa ut

Det var vanskeleg om innkoma for Ingebjørg Kvilekvål og sonen. Men alt tidleg var han oppfinnsam og gjorde sitt for å hjelpa til, fortel Bjørn Rongen i boka Utvandrergutten. Boka kom ut i 1959. Den er og kalla Knute Nelson saga. Knut og Anders (seinare morfar til forfattaren) frå same garden, var på fiske i Storelva, som går gjennom Kvilekvål. Ettersom det er tidleg på våren og is i elvekanten, så er det nok ein overvintrande laks, ein vinterstøing dei får. Smågutane hadde avtala salet. Dermed slapp dei unna straff etter å ha teke seg til rette så små som dei var. Knut sine pengar gjekk til mora, medan venen Anders, som var to år eldre, hadde det noko romslegare i levevegen. Kvart øre kom vel med. Mora hadde slite frå Knut var eitt år gamal, men det var mest uråd å få endane til å møtast.
Difor hadde nok Ingebjørg og sonen snakka om amerikaferd, for å vona på betre tider og betre liv. Dette kom ut til andre, men dei stod på vegvalet, mor på 35 år og sonen på sju. Ja, det var vel mest kvardagen Knut merka, så liten som han var. Han var kjenslemessig nær knytt til mora, og korleis han hadde det, opplevde han på strevet hennar. Mora såg nok og kor guten hadde det, og då leitte ho etter utveg, så det var vel meir opplevingane enn planlegging saman med Knut, som hadde det godt elles på heimegarden med leik og arbeid. Etter at Ingebjørg får vita at faren til Knut er død, vart det meir og meir arbeid og fart i å skaffa nok mat, klede og lån til reisa. Dei får nok, slik at dei torer ta i veg med reisekiste og to sekker. Det var avskil med heimlandet 25. april 1849. Boka skildrar fine opplevingar for Knut frå Kvilekvål til Bergen, ombordstiginga og opplevingane på briggen Bjørgvin på ein lang tur over. Dei var framme 4. juli på fridomsdagen til USA, så Knut opplevde stor fest og fyrverkeri i ei heilt ny verd. Det var noko anna enn å sjå det brann i tranlampa heime. I land i den nye verdsdelen, var armoda der att. Dei var tomme for mat, men dei fekk låna pengar til å koma seg vidare til Chicago. Mora klare å tena så mykje pengar at ho fekk leggja ut for gjelda si. Det var stritt «over there». Så mor hadde meir enn nok å gjera for å skaffa mat og rimeleg med klede. Ettersom Knut ville læra, vart det litt skule når dei flytte vestover på prærien. Mora hadde gifta seg med Nils Grjotland, men dei klarte ikkje å skaffa meir innkoma enn det trongst. Dermed måtte skulegangen lida. Korkje mora eller stefaren har mot eller pengar til å ta Knut på skulen. Då tek Knut seg til skulestyraren i Albion sjølv. Der vert han verande, då skulestyraren skjønar at guten har både evner, lyst og vilje til å læra. No var Knute komen i skulen, og her sluttar forteljinga om utvandraren, som no er innvandrar. Dette er ei sterk skildring. Men Bjørn Rongen har likevel med ein del punkt om livet hans vidare, ja heilt til Knut døyr. Dette er vel gjort for å kalla boka med tilleggstittelen Knute Nelson saga. Dette bryt sterkt med barne- og ungdomsskildringa, og har høyrt heime i leksika og no i seinare tid på nettet. Til slutt vart Knute Nelson hylla av presidenten då han vart gravlagd. Rongen siterer frå minnetalen til president Harding om «ein ven og medarbeidar». Bokmeldaren Jo Tenfjord likte ikkje dette, då Harding seinare vart omtala for å ha drive med korrupsjon. Det er ei bok om tiltak, der tiltru mellom mor og barn kjem sterkt fram og gjer at leselysta kjem med ein gong. Det er fint å få fram. Men for oss som er oppvaksne om lag på same stad kring 100 år seinare, så smakar det ikkje med bokmål på fiske på Kvilekvål eller med omganskulelærar som kom frå Geitle, eller etter vegen og heime i stova. Det vert noko framand på denne måten. Men det går over når ein kjem til Amerika i ei bok på vel 140 sider. Boka er tilgjengeleg på nett, og biblioteket skaffar henne og.
Arne Skjerven