Knute Nelson-dag
Måndag 4.september skipa Vassvøri sogelag til Knute Nelson-dag på Kvilekvål. Dette var ei markering av at det i år er 100 år sidan Knute Nelson døydde, mannen frå Evanger som vart guvernør og senator i USA. Tilskipinga var og del av Kulturminnedagane i Voss herad; nr 9 av i alt 22 tilskipingar, som Voss Kunst og Kultur står bak.
Knut var fødd i ei lita stove på Kvilekvål i 1842 (årstalet er omdiskutert, og i USA er 1843 oppgitt som fødselsår. Bakgrunnen kan vera at billetten på båten til New York var rimelegare for ein 6-åring enn for ein 7-åring, men dette veit ein ikkje sikkert). Mora Ingebjørg Haldorsdotter var åleine med sonen. Namnet Knut vart til Knute i USA. Stova er teken vare på, har fredingsstatus og er i Voss herad si eige.
Vassvøri sogelag har tilsyn med stova, og utfører mindre reparasjonar, slår rundt husa o.l. Trapp og inngangsparti har vore merka av manglande vedlikehald i mange år. Men no har heradet, med hjelp av entreprenørar, gjort ein stor innsats med rehabilitering. Steintrappa er teken ned og murt opp att i same stil som opprinneleg; det same er deler av grunnmuren.
Trapp og inngangsparti står no innbydande fram, etter dyktig utført handtverk
Drenering rundt huset er fornya og forbetra, og inngangsparti med steingolv er reparert. Sogelaget vil gi ros til Voss herad for stor innsats og godt utført arbeid. Det same til innleigde entreprenørar: Jean-Christophe Scouarnec og hans kompanjong som har stått for tørrmuring og anna manuelt arbeid og Voss Maskinstasjon som har stått for maskinarbeidet. Tiltaket vart akkurat ferdig til markeringa.
Evanger skule møtte kl. 11-12, og frå kl 16 og utover var det open dag for alle interesserte. Det møtte om lag 50 personar til saman. Som introduksjon fekk dei frammøtte sjå vesle Knut med mora Ingebjørg, klare til Amerikaferd: Med tidsrette klede, nistekorg mm: Godt framført av Vårin og Maya Mykkeltvedt.
Vesle Knut og mora Ingebjørg gjer seg klar til den store ferda
Grethe Finsrud Agerlie, leiar i Vassvøri sogelag, fortalde om Knute Nelson og familien hans. Deretter var det omvising inne i stova, som framstår slik ein trur det var då mor og son reiste: Enkle møblar, ei seng og noko reiskapar. Ute var det servering av saft, kaffi og bollar, samt Knute Nelson-suppe: Bønnesuppe laga etter same oppskrift som den Knute Nelson fekk servert kvar dag der han budde då han møtte i senatet i Washington.
Det kan elles nemnast at det kjem ein lengre artikkel om Knute Nelson og hans liv i årboka til Vassvøri sogelag: «Frå fjell til fjord», som kjem ut før jol.